Båtar og syklar

Hjå oss kan du leige både båt og sykkel dersom du ikkje har dette sjølv. Dette er fantastiske måtar å utforske Sæbø og Hjørundjforden på.

«Pærebåten»

Pærebåten er ei snekke frå 1956 og egnar seg godt til fiske, garn og draging av krabbeteiner .Båten har ekkolodd og hydraulisk kraftblokk.

«Øyenbåten»

Øyenbåten er ein alt-mogeleg-båt og egnar seg til alt frå fiske til fjordcrusing. Med hydraulisk ratt, utanbords påhengs motor med 30 hestekrefter, har den ei god toppfart , og er lett å styre. Ligg godt og stabilt i sjøen og har kapasitet til 8 personar om bord. Redningsvestar må brukast, og båten leverast tilbake reingjort og med full tank. Handtering av fiskeavfall etter anviste stader. Reglar i henhold til Norske krav må følgast.

Syklar

Vi har ulike syklar for utleige. Ta kontakt for meir informasjon.