Maritbu

Lys og flott leilegheit med store vindu og terrasse vendt mot fjorden. Fantastisk utsikt mot Slogen og Hjørundfjorden. Maritbu har to soverom med tre sengeplassar på kvart rom.

Høg standard med oppvaskmaskin, kjøleskap, Kabel-TV, internett, vannboren gulv-varme, stort bad med dusj og toalett. Leilegheita har to terrassar, ein mot sjø for å nyte morgensol, og ein på framsida mot sentrum for ettermiddagsol. Leilegheita ligg på bakkeplan og har veldig god tilgjengelegheit for rullestolbrukarar eller familiar med barnevogn.

Barneseng ved førespurnad. Alle leilegheitene har tilgang til eit adskilt fellesrom. Fellesrommet inneheld vaskemaskin, tørketrommel og fryseboks som beboerane kan nytte mot betaling. Kan nyttast som tørkerom for sko og kle. Alle leilegheitene våre er røyk- og dyrefrie.